|
Nytt
Mange av aktivitetane på Jostedalsbreen er kun i sommarhalvåret, men det
finst og selskap som driv heile året. Undersøk med det aktuelle selskapet om dei
har sesong .
Nytt frå forvaltninga /naturoppsynet:
Utbetring av stien inn mot Bødalsbreen
Stien frå Bødalseter og inn mot Bødalsbreen er
stadig meir brukt. Det er større veldig våte parti på stien som gjer at
turgåaren finn nye trasear. I fjor haust vart delar av stien utbetra med
steinsetting og med masseutskifting. Arbeidet med utbetringa held no fram når
vèret og vassføringa tillet det. Det er naudsyn å bruke gravemaskin og
beltegåande køyrety for å gjere denne jobben. Når breelva har lite vassføring no
seint på hausten, så er det mogleg å hente grus frå elva og frakte maskinar inn
i elveløpet. Vi ber om forståing for at det blir ein del anleggsarbeid før stien
blir ferdig.
|