Naturstiar:
Dei fleste av naturstiane har eit hefte med informasjon som du kan kjøpe på
staden der linken for naturstien går til. Det er parkering for bilar der
naturstien startar.
Det er naturstiar på følgjande stader:
Stryn:
Briksdalen/ Melkevoll Bretun:
Landskapet ber svært tydelege spor av dei klimaendringane som har vore sidan
siste istid. Naturstien tek opp m.a. desse tema:-10 000 års morena: Då smeltevatnet frå den amerikanske iskappa endre
klimaet i Noreg.-Det store fjellraset: Isen har ”støtta” dei bratte fjellsidene i 100 000
år(siste istid). Så smelta breen bort og deler av Blåfjellet rasa ut. Vi har
lagt til rette for vandring gjennom det eldste daterte fjellraset i Noreg.- Litt om brehistoria-Litt om flora og fauna.Ca
2,5 timar tur/retur
Briksdal: Natursti
frå parkeringsplassen og opp til breen, ca 1,5 time tur/retur. Om geologi,
glasiologi og botanikk.
Bødalen. Start ved Bødal, på veg opp til Bødalesetra, deretter god sti til
Bødalsbreen. Flotte moreneryggar.Ca 5 timar tur/retur
Erdalen ca 4-5 timar inn til Vetledalssetra og tilbake. Først på veg frå
Greidung og deretter på sti inn dalen. Gammal ferdselsveg over Jostedalsbreen.
Store breelvsletter ved Erdalssetra. Fine setrar med mykje kyr og sau på beite.
Flostranda Naturreservat. Botanisk natursti i største lindeskogen i
Nord-Europa med mange varmekjære artar. Først bratt opp gjennom granskog,
deretter god sti i lindeskogen.Ca 2 timar
Fosdalen. Start ved Jostedalsbreen Nasjonalparksenter,opp dalen først på veg
og deretter bratt sti, ca 3-4 timar totalt.
Glomsdalen . Fjellgarden Sigdestad. Frå Hjelle langs veg til Glomnes.
Bratt,litt luftig sti opp til den gamle fjellgarden Sigdestad.Vidare inn
Glomsdalen til Glomnessetra og nedatt gjennom skogen.Ca 5 timar, bratt og litt
ulendt sti frå fjellgarden til Glomnessetra.
Hjelledalen. Lett tur ned Hjelledalen på gammal bygdeveg, 3 km.,ca 1,5 time. Tema er
natur-og kulturhistorie, landskapsforming og skred.
Kjenndalen. Natursti frå Kjenndalsstova på veg og sti inn til
Kjenndalsbreen,ca 4 timar. Dramatisk landskap.
Sunndalen. Tur på ca 6 timar frå Folven, inn Sunndalen til Sunndalssetra.
Tema er frodig dal som er prega av ras vinterstid, flott fosselandskap.
|