Naturreservat
Bøyabreen naturreservat i Fjærland/Sogndal
Bøyaøyri våtmarksområde i Fjærland er verna som naturreservat, særleg pga.
fugletrekka vår og haust. 90 ulike fugleartar er observert, og om lag 50 artar
hekkar i dette området. På Bøyaøyri blir ferskvatn frå elva blanda med saltvatn
frå fjorden. Slike brakkvassdelta er mellom dei biologisk mest høgproduktive
område i Noreg.
http://www.bre.museum.no/boyaoyri/index.php
Flostranda naturreservat i Stryn
Flostranda naturreservat er eit område med rikt botanisk mangfald (over 360
artar av karplantar), variasjonar i skogtypar og stor biologisk produksjon.
Flostranda ligg sørvendt og er solrik i bratt fjell i ly frå nordavinden. Saman
med god tilgang på grove, gamle tre av ulike slag gjev dette levestad for mange
sjeldsynte og kravfulle artar av insekt, sopp og lav. Skogen i Flostranda er ein
rest etter store edellauvskogar som breidde seg i Norge i ein varm periode etter
istida. Dette er den største samanhengjande lindeskogen i Nord-Europa..
Jostedalsbreen Nasjonalparksenter har botanisk natursti i Flostranda
Naturreservat
http://www.jostedalsbre.no
Nigardsbreen naturreservat i Luster
Nigardsbreen naturresvat vart oppretta i 1985 og ligg utanfor grensene til
nasjonalparken som vart oppretta 6 år seinare. Dette er ein svært god stad å
studere plantesuksesjonen, korleis vegetasjonen innvandrar på område som har
blitt isfrie. Etter den "vesle istid" rundt 1750 gjorde breen mange mindre
framstøt, alle lenger inne i dalen enn den foregåande og etterlot seg
endemorener som alle er daterte . For kvar morene ein passerer på veg innover
dalen, vil ein finne variasjonar i vegetasjonssammensetningen.Nigardsbreen
naturreservat grensar til Jostedalsbreen nasjonalpark. Det tek ca 1 time å gå
frå parkeringsplassen til Nigardsbreen.
www.jostedal.com
Myklebustdalen Naturreservat i Jølster
Føremålet med fredinga er å ta vare på eit myrområde med eit spekter av
myrtypar karakteristiske for bakkemyrregionen, medrekna nedbørsmyrar. Føremålet
er å sikre heile variasjonsrikdomen av myr- og vegetasjonstypar i området med
naturleg plante- og dyreliv.,
http://www.lovdata.no/for/lf/mv/xv-20040618-0945.html
Prestestøylen naturreservat i Innvik/Stryn
Føremålet med fredinga er å ta vare på eit myrområde med stort og velutvikla
mangfald av myrtypar med naturleg plante- og dyreliv. Området har mykje
nedbørsmyr, og myrvegetasjon som på ein god måte representerer den geografiske
plasseringa og høgda over havet. Ein spesiell kvalitet ved området er at myra
fyller dalbotnen, der den er danna i samspel med ei meandrerande elv .
http://www.lovdata.no/for/lf/mv/xv-20040618-0933.html
Tjønnane naturreservat i Innvik/Stryn
Føremålet med fredinga er å ta vare på ein sjeldsynt kombinasjon av myrtypar,
den regionalt sjeldsynte myrtypen strengmyr, ei velutvikla innlandsutforming av
terrengdekkjande myr, og det naturlege plante- og dyrelivet i dette området. Dei
mange myrtjørnene gjer sitt til den naturlege variasjonen.
http://www.lovdata.no/for/lf/mv/xv-20040618-0934.html
Yngsdalen naturreservat i Luster
Føremålet med fredinga er å ta vare på eit myrområde med naturleg dyre- og
planteliv. Området er av ein storleik som er sjeldsynt i Indre Sogn under
skoggrensa, og som har innslag av rikmyr og kjelder, og sjeldsynte og
interessante planteartar. Ein spesiell kvalitet ved området er at myra fyller
dalbotnen, med ei meandrerande elv og ulike vassmiljø tilknytte eit urørt
elvesystem.http://www.lovdata.no/for/lf/mv/xv-20040618-0951.html
|