Jostedalsbreen nasjonalpark   Jostedalsbreen nasjonalpark  
 
     

Index

Kart

Nytt/Aktuelt

Bre-og fjellføring

Naturstiar

Vatnaktivitetar

Naturreservat

Fiske/Jakt

Overnatting

Andre aktivitetar

Informasjon generelt

 

 

E-mail

 

 

Fiske /Jakt

Det er lov til å fiske og jakte i nasjonalparken. Brevassdrag er i utgangspunktet ikkje særleg gode fiskeelvar og-vatn. Det finst i mange vatn i området kring Jostedalsbreen aure, røye, laks og ål.  Ta kontakt med den lokale turistinformasjonen om fiskekort. Mange overnattingsstader har utleige av robåt og sal av fiskekort. Det er fiskekort i dei fleste elvar og vatn. I fjorden er det fritt fiske.

Det er spesielle tider og løyve for villreinjakt og hjortejakt .Hjortejakta varer frå 15. sept. til 15. nov. Det er grunneigarane som får tildelt løyva. Villreinjakta varer frå 20. aug til 10.sept. Kort med løyve til villreinjakt må ein søkje etter. For  småviltjakta må ein og ha jaktkort. Ein må ha jegerkurs for å få lov til å jakte.

Kontakt desse selskapa for meir informasjon:

Norges Jeger- og fiskerforbund

Sogn og Fjordane Jeger- og Fiskerforbund

Direktoratet for naturforvaltning

Inatur

Reisemål Stryn  & Nordfjord: www.nordfjord.no

Reisemål Sogndal og Luster/ Sognefjorden reiseliv: www.sognefjord.no

Reisemål Sunnfjord: www.sunnfjord.no