Jostedalen
     

Index

Kart

Nytt/Aktuelt

Bre-og fjellføring

Naturstiar

Vatnaktivitetar

Naturreservat

Fiske/Jakt

Overnatting

Andre aktivitetar

Informasjon generelt

 

 

E-mail

 

 

Bre- og fjellføring

Dersom du vil gå opp på breen, skal du gå med erfarne breførarar. Å gå åleine på bre kan vere farleg. Nedanfor finn du breførarlag som kan ta deg med opp på ulike deler av Jostedalsbreen

 Austdalsbreen: Icetroll tilbyr kombinerte bre-og kajakkturar på austsida av Jostedalsbreen, i Jostedalen. Turane er tilpassa den indiviuelle deltakar.Det er dagsturar og overnattingsturar (2 dagar) www.icetroll.com

Austerdalsbreen: Breporten har tilbod om organiserte turar til Austerdalsbreen på Veitastrond i Luster, Sogn og Fjordane. Dei tre brearmane Tor, Odin og Loke strekker seg nedetter fjellsida frå Jostedalsbreplatået. Dei møtast i dalbotn og dannar Austerdalsbreen som strekker seg fleire kilometer søraustover. Turen passar også for familiar (born over 8 år) www.breporten.no

Brenndalsbreen og Jostedalsbreen: Olden Aktiv tilbyr bresafari til Brenndalsbreen og blåisturar på Brenndalsbreen,, toppturar, brekurs og klatrekurs. Olden Aktiv ligg ved Briksdalsbreen. Olden Aktiv arrangerer skiturer over Jostedalsbreen i mai og juni hvert år. Lodalskåpa er eit "må ha" for alle friluftsinteresserte. Olden Aktiv tilbyr føring til Lodalskåpa kvar sommer. www.oldenaktiv.no

Bødalsbreen og Jostedalsbreen: Briksdal breføring tilbyr breføring på Bødalsbreen med tre timar i blåisen. Enkelt terreng- medium vanskegrad. Alder 12 år. I tillegg tek dei på seg kurs, turar til Lodalskåpa og brekryssingar,bl.a. breen på langs.Dei driv aktivitetar heile året. Briksdal Breføring har tilbod om ulike fjellturar frå Olden; Auflemsetra (800 .m.o.h),Murinibba, (1200 m.o.h). www.briksdalsbre.no

Flatbreen,Fjærland: Breturen startar med ein tre timars tur motbakke opp til Flatbrehytta, 1000 m.o.h. der breturen startar.Totalt varer turen 6-8 timar og aldersgrense er 15 år. www.breogfjell.no

Haugabreen, Jølster.Glacier Team AS tilbyr dagleg bretur med mykje informasjon om kulturhistorie og om naturlandskapet. www.probit.no/glacierteam

Haugabreen:   http://www.jolster-rafting.no

Jostedalsbreen: Norgesguidane driv isklatring, brekurs, breføring for små grupper i tillegg til breturar på ski på Jostedalsbreen heile året. www.norgesguidane.no

Jostedalsbreen: Breoppleving tilbyr kurs og føring på Jostedalsbreen  . Kvar vår tilbyr dei klassikaren 'Josten på langs' som går den originale ruta frå Erdalen til Fjærland. Turen tek 3 dagar og er ei stor oppleving. I juli held dei brekursa  i Bødalen, inst i Lodalen og på vestsida av Jostedalsbreen  www.breoppleving.no

Nigardsbreen: Jostedalen Breførarlag driv med bre- og fjellføring samt kurs og opplæring på bre og klatrefjell  i Jostedalsbreen  Nasjonalpark.Det mest brukte og viktigaste området er Nigardsbreen i Jostedalen. Her tilbyr dei dagleg eit breitt utval av blåisturar med førar, frå enkle familieturar(aldersgrense 6 år) til lengre og meir utfordrande turar opptil 5 timar med innlagt isklatring på topptau. Sesongen er frå medio mai til slutten av september med juli og august som hovudsesong. Nigardsbreen er  lett tilgjengeleg brearm, med bil til Nigardsvatnet og båt vidare over, tek det omlag 15 min. å gå opp til bretunga. Breførarlaget tilbyr ulike skiturar på Jostedalsbreen i langhelgane i mai og juni. Klassikaren er 'Josten på langs', ein 3-dagars skitur frå Jostedalen til Fjærland med avstikkarar til kjende toppar som Lodalskåpa, Brenibba og Kjenndalskruna. www.bfl.no

Tunsbergsdalsbreen:  Icetroll tilbyr kombinerte bre og kajakkturar på Tunsbergsdalsbreen/Tunsbergdalsvatnet. www.icetroll.com

Tunsbergdalsbreen. Bre og juv tilbyr kombinerte båtturar og brevandring. Båtturen tek ca. 1 time og det tek ca 3 timar å gå frå enden av vatnet opp til breisen. Ein tur som tek 6-8 timar. www.breogjuv.no