Andre aktivitetar
Vinteraktivitetar kan de og finne under ulike selskap reg. under linken "Bre-og
fjellføring".
Briksdal: "Troll cars" i Briksdalen: Frå parkeringsplassen i Briksdalen er det muleg å
leige plass i ein open bil 3 km opp mot Briksdalsbreen og det vil då vere berre ca 500
meter å gå inn til breen på tilrettelagt sti som er enkel å gå.
www.briksdalsbre.no
Briksdal:"Briksdal aktivitetspark" ligg ved sidan av Briksdalsbre Fjellstove ved
parkeringsplassen. Ulike aktivitetar som klatring, linegåing, paint ball og anna
kan ein oppleve her ved grensa av Jostedalsbreen nasjonalpark.
www.briksdalsbre.no
Briksdal: Buldrefelt: På Melkevoll bretun der Olden Aktiv har base, ligg eit av dei største
buldrefelta i landet: Det er pussa meir enn 100 klatreruter. Ein finn
buldreguide på heimesida
www.oldenaktiv.no
Jostedal: Hesteridning på Fåbergstølsgrandane i Jostedalen. Raudskarvfjellet
turridning vil ta Dykk med inn i uberørt natur under høge fjell, inn i område
som er nesten utilgjengelege for turgåarar p.g.a. kryssing av iskalde breelvar.
www.jostedal-horseguiding.no
Sogn og Fjordane Turlag: Aktivitetar heile året :http://www.turistforeningen.no/sognogfjordane/
Sogndal/ Barsnesfjorden: Klatrefelt:
http://www.klatre.com/default.asp?ID=203
Sogndal: Anestølen:Ligg i Sogndalsdalen. Her er 600 geiter og ein kan
delta på ostelaging og få smaksprøver:
http://www.seterkultur.no/setre/anestolen/ane.html
Stryn/Rake/Loen: Klatrefelt, klatrekurs:
http://www.klatre.com/default.asp?cat1=35&file=newslist
Stryn Sommerskisenter: Sommarskisenter som opnar mai/juni:
http://www.strynefjellet.com/
Stryn: Liatunet Innvik: Gardstunet er blant dei eldste i Innvik med
sju bygningar, alle fullt utstyrte med innbu av alle slag slik det var etter den
siste brukaren Brita Lien:
http://www.sffarkiv.no/sffbasar/default.asp?p=result&db=dbatlas_leks&spraak_id=1&low_kommune=stryn&MId1=21&MId2=39
|